mitt liv som “polfarar”
Eit foredrag om ei einsamn vandring gjennom sinnet sine ytterpunkt
Ut i frå eigne erfaringar skildrar eg det å leve med ein alvorleg psykisk helsesvikt.
Min første djupe depresjon hadde eg i 1984. To år etter hadde eg min første mani. Då fekk eg diagnosen manisk-depressiv, i dag bipolar type 1. Dei påfølgjande elleve åra var eg utan alvorlege symptom på sjukdommen. I 1991 var eg ferdig utdanna sjukepleiar og var aktiv innanfor yrkeslivet. Med unntak av enkelte pausar pga helsesvikt, var eg i arbeid fram til 2019.
Då sjukdommen kom tilbake andre gong med ein ny mani i 1998, var det eit sjokkarta gjensyn med helsesvikten. Etter denne sjukdomsfasen var eg prega av langvarige depresjonar og fleire maniske periodar. Fram til 2017, som så langt er mi siste innlegging, har eg vore tvangsinnlagt i alt elleve gongar. I tillegg har eg fleire sjukehusopphald bak meg som fylgje av djup depresjon.
Mitt liv som «polfarar».
I dei ti siste åra har eg tilbydd undervisning/ foredrag med tema: Mitt liv som «polfarar». Mange av foredraga har eg halde til studentar ved akademia rundt om i Sør-Norge. I tillegg har eg hatt glede av å møte tilhøyrarar i fleire andre ulike samanhengar.
Som diakon veit eg at eit fellesskap har som oppdrag å inkludere dei som har særlege vanskar i livet sitt. For meg har det vore viktig å nå kyrkjelydar med denne kunnskapen. Men ikkje berre kyrkjelydane treng meir innsikt. Alle organiserte fellesskap, både i arbeidslivet og i ideelle organisasjonar vil ha nytte av undervisning om tema knytt til bipolaritet.
Kunnskap er makt. Gjennom å vite vert grunnlaget for å skape respekt etablert på ein sunn og ekte måte. Vi med psykiske utfordringar er ikkje svake menneske. Vi er sterke, men treng nokon å dele vår svakheit med.
Målet mitt med foredraga er å auke kunnskapen om psykisk helsesvikt hos tilhøyrarane.
Aktuelle enkelttimar med tema for undervisning:
Generelle trekk ved mani (Sydpolen) og depresjon (Nordpolen).
Tvang som behandling.
Årsak til helsesvikt. Arv eller miljø?
Sjølvdrap. Kva er det som er galt med å dø?
Livsmeistring. Lukke er å gjere sine gleder enkle.
Er kyrkja eller andre ideelle organisasjonar attraktive for psykisk sjuke menneske?
Foredraga kan tilpassast ulike grupper alt etter tidlegare kjennskap til helsesvikten som kjenneteiknar bipolar type 1.
Honorar og inndekking av reisekostnader etter avtale.
“Tidligere pasienters/brukeres erfaringer med å leve med psykisk lidelse og fra møter med mennesker og system innen psykiske helsetjenester er grunnleggende for profesjonell omsorg. Innenfra-kunnskapen er nødvendig for en mer helhetlig forståelse, og for samarbeid med pasienter/brukere og deres pårørende/nettverk. Helge Ferstad bidrag var et meget godt bidrag til økt forståelse, og studentene ga gode tilbakemeldinger både til ham direkte og i etterkant.”
May Vatne
Førstelektor v/Institutt for sykepleie og helsefremmende arbeid på OsloMet.
Forsker på sjølvmord.